Jostedalsbreen på langs på ski

Ein klassikar – tre dagar på Noregs tak

Den originale ruta

Bli med Breoppleving på langs av Jostedalsbreen. Turen tek tre dagar, vi overnattar i telt, og du får ei oppleving du seint vil gløyme.

Breoppleving går den originale ruta frå Erdalen i Stryn til Fjærland. Langs denne ruta får du med deg heile Jostedalsbreen frå nord til sør, med alle dei kjende brefalla og toppane.

Det er den same ruta som læraren Ola Bøyasva gjekk i 1798. Han var truleg den første som gjekk heile breen på langs på ski. Først gjekk han frå heimbygda Fjærland til Erdal i Stryn for å besøke slekt. Dagen etter gjekk han like godt same ruta tilbake.

Klarer du turen?

Josten på langs er ein lang skitur med ein god del stigning i starten. Du må rekne med å bli sliten, men sjeldan får ein så mykje igjen for slitet som på denne turen.

For å delta på Josten på langs krevst det litt trening i å gå med tung sekk, og du må ha eige utstyr som ski, skifeller, gode kle, sovepose og telt/kokeutstyr.

Turen er for vanlege friluftsfolk. Sjølv om turen er lang og til tider tung så er det ein tur som folk i normalt god form klarer fint.

Korleis er turen?

Første dagen møter ein enten i Fjærland for å bli med bussen til Erdalen, eller ein møter direkte i Erdalen. Deretter er det ein kort kveldstur til fots inn til Vetledalsseter, like under Erdalsbreen. Sjølve Josten på langs startar her.

Andre dagen er nok den tyngste sidan vi skal opp to brefall og til saman 2000 meter stigning. Det tek heile dagen, vi går i eit roleg og jevnt tempo og har nokre gode pauser undervegs.

Tredje dagen går vi langt, men no er det nesten flatt der vi går sørover Jostedalsbreen. I godt ver er utsikta upåklageleg i alle retningar.

Fjerde dagen går det nedover, først slakt ned Supphellebreen til Flatbrehytta, så bratt ned til Fjærland. Siste delen går til fots.

Prisen dekker turleiing og lån av breutstyr. Mat og personleg utstyr må du ta med sjølv. Transport frå Fjærland til Erdalen før turen kostar kr 300,- for dei som ønsker det.

Detaljert turplan med utstyrsliste finn på vår dokumentside.

Første turen startar 5.mai 2017 kl 18
0
0
0
Days
0
0
Hrs
0
0
Min
0
0
Sec

Treng du inspirasjon? Sjå ein film frå Josten på langs med Breoppleving i 2012 eller ei historisk perle frå NRK som i 1971 fulgte ei gruppe som gjekk på langs av Jostedalsbreen.

Nok informasjon? Då er det berre å bestille turen i vår nettbutikk www.breoppleving.no før det blir fullt.

Brekurs, klatrekurs og føring

Breoppleving har tilbudt brekurs, klatrekurs og føring sidan 1994.

Vi har brekurs og klatrekurs kvar veke heile sommaren.

Brekursa foregår på Smørstabbreen i Jotunheimen og Flatbrehytta på Jostedalsbreen.

Klatrekursa foregår på Lom og i Hurrungane.

Gå innom www.bre.no og www.fjellklatring.no viss du vil vite meir om dette.

  • #breoppleving

    • Etter fire uker p fjellet og en ukes brekurs erhellip
    • Once again Store Austabotinden Great Alpine climbing practice!
    • Kamerartedning trakke gjennom snbru langtur til veobretinden Fint med brekurshellip
    • Another day at the office Guiding clients up Norway highesthellip
    • Hiking is such a nice way to slow down andhellip
    • One of our sights along our route in Jotunheimen Vettishellip
    • breoppleving dennorsketuristforeningen klatring veslegaldhpiggen
    • Hiking through the snow in Jotunheimen jotunheimennationalpark jotunheimen perspective cairnhellip