Loading...

Ein film frå arkivet

Tidleg i juni 1971 gjekk ei gruppe Josten på langs med eit tv-team frå NRK i følget.

Dei overnatta under åpen himmel, sov like gjerne om dagen som om natta og hadde strålande sol heile vegen.

Den originale ruta som Breoppleving går kjem opp Erdalen der dei overnattar første gongen, og følger deretter nøyaktig same rute som filmen viser.

Sjå denne perla av ein film i NRK sitt arkiv ved å trykke her: Josten på langs i 1971 

Den gamle mannen og breen.

I 2012 laga NRK ein film om Thorleif Sognnes som i ein alder av 80 år framleis går lange skiturar innover breen, mellom anna til Bings Gryte der vår tur har overnatting andre natta på breen.

Kvar vår er det mange grupper som går turar innover breen frå sør slik som i denne filmen, og landskapet er både vilt og vakkert.

Ein inspirerande film som du kan sjå her: Den gamle mannen og breen.

Over breen frå Fjærland til Briksdal.

I 2004 gjekk dag Lindebjerg ruta frå Fjærland til Briksdal, via Flatbrehytta og Kattanakken.

Dette er ei av dei finaste rutene over søndre del av Jostedalsbreen.

Med seg hadde han to lokale førarar med slektsrøtene i orden, og på slutten intervjuar dei ein gamal breførar frå Oldedalen.

Dette er ein inspirerande film for alle som har lyst å vite korleis det er oppe på breen i godt ver.

Sjå filmen her: Over breen frå Fjærland til Briksdal.

Josten på langs i 2012.

I denne seks minutt lange videoen får de eit godt inntrykk av korleis turen langs på langs av Jostedalsbreen er.

Filmen vart teken opp under ein tur med Breoppleving 17.-20.mai 2012 og viser store delar av ruta i brukbart, men litt skiftande ver.

Filmen startar like etter oppstart frå Vetledalsseter (Erdal), og siste bilete er frå Fjærland.

Sjå filmen her: Josten på langs i 2012.