No er vi oppe på sjølve storbreen og heile dagen går vi sørover på flater og slake bakkar. Først passerer vi Kjenndalskruna, eit kjent utsiktspunkt innerst i Lodalen og like ved Kjenndalsbreen. Målingar har vist at breen i dette området er opp mot 600 meter tjukk. Deretter stig det oppover mot Høgste breakulen. Det er midt inne på breen, der den er breiast og størst.
Så går det nedover mot Ramnane, ei klippe som stikk opp av breen. No passerer vi kjende brear på begge sider. Til høgre litt Briksdalsbreen, Brenndalsbreen og Melkevollbreen. Til venstre ligg dei tre bratte breane Tor, Odin og Loke som alle ender ut i den lange og slake Austerdalsbreen. Sjølv om vi ikkje ser breane så godt så ser vi kjende landemerker som Kattanakken, Slingsbyvarden og Hanekammen.
På slutten av dagen slår vi leir ved Bings Gryte, ein kjend vindformasjon akkurat der breen er på sitt smalaste.