Siste dagen av Josten på langs startar vi tidleg for å gjere nytte av skareføret nedover Supphellebreen. Til venstre har vi Supphellenipa som er kjend for si gode utsikt. Eit stykke nede på breen tek vi til høgre og ned eit skar mot Flatbrehytta.
Flatbrehytta er egentlig to hytter her, ei gamal i stein og ei nyare i tre. Anders Øygard bygde begge og bar all materiale opp sjølv. Utsikta herifrå er formidabel. På desse hyttene held vi brekurs i juli og august kvart år. Det er ei litt tung oppstigning første kvelden, men når ein først er oppe så bur vi så nær breen at vi kan gå inn igjen i hytta og ta lunsj om det er kaldt og surt.
Etter Flatbrehytta er det bratt nedover til Fjærland. Her må kvar ta det i sitt tempo, og mange vel å ta av seg skia i dei brattaste partia. Normalt er vi nede ved bilane tidleg på ettermiddagen.