[fusion_builder_container hundred_percent=»yes» overflow=»visible»][fusion_builder_row][fusion_builder_column type=»1_1″ background_position=»left top» background_color=»» border_size=»» border_color=»» border_style=»solid» spacing=»yes» background_image=»» background_repeat=»no-repeat» padding=»» margin_top=»0px» margin_bottom=»0px» class=»» id=»» animation_type=»» animation_speed=»0.3″ animation_direction=»left» hide_on_mobile=»no» center_content=»no» min_height=»none»]
JOSTEDALSBREEN PÅ LANGS PÅ SKI
Ein klassikar – 3 dagar på ski på Noreg sitt tak
Josten på langs er ein relativt tung tur på ski. Du må rekne med å bli sliten, men sjeldan får ein så mykje igjen for slitet som på denne turen.
Første dagen er det oppmøte og ein kort kveldstur inn til Vetledalsseter, like under Erdalsbreen. Sjølve Josten på langs startar her.
Andre dagen går vi frå Erdalen til Ståleskardet ved Lodalskåpa. På vegen går vi opp både Erdalsbreen og det kjende brefallet Småttene ved foten av Lodalskåpa. Denne dagen er den tyngste, og vi må rekne med 12-14 timar på ski før vi når leiren. Total stigning er over 2000 meter. No er vi oppe på platået av Jostedalsbreen, og resten av Josten på langs går omtrent i denne høgda.
Tredje dagen går turen sørover breen i ca 1700-1900 meter høgde. Undervegs passerer vi det kjende utsiktspunktet Kjenndalskruna og vi er vi oppom Høgste Breakulen. Utsikta er enorm i godt ver og denne dagen er langt lettare enn den første. Strekninga er likevel lang, og vi må rekne med ca. 10 timar før vi når leirstaden ved Ramnane.
Fjerde dagen passerer vi Bings Gryte, ei særprega vindhole der Jostedalsbreen er på sitt smalaste. Viss tida strekk til går vi oppom Supphellenipa. Deretter går turen mot Flatbrehytta i den sørlige enden av breen. Her forlet vi breen for første gong på tre dagar, og Josten på langs er egentlig slutt her. Frå Flatbrehytta går det bratt ned mot dalen. Denne dagen må vi rekne med å gå i 6-8 timar før vi når gården til Flatbregubben (Anders Øygard) i Fjærland.
For å delta på Josten på langs krevst det litt trening i å gå med tung sekk og du må ha eige utstyr som ski, solide kle, sovepose og telt/kokeutstyr.
Prisen dekker turleiing og lån av breutstyr. Mat og personleg utstyr må du skaffe sjølv. Transport rundt frå Fjærland til Erdalen før turen er inkludert i prisen.
Detaljert turplan med utstyrsliste finn du i pdf-format her: Turprogram for Josten på langs 2014 og som nettsider her: Turen dag for dag.
Treng du inspirasjon? Sjå ein film frå Josten på langs med Breoppleving i 2012 eller ei historisk perle frå NRK som i 1971 fulgte ei gruppe som gjekk på langs av Jostedalsbreen.
Nok informasjon? Bestill turen i vår nettbutikk www.breoppleving.no før det blir fullt.
Les meir om våre brekurs og klatrekurs på www.bre.no.[/fusion_builder_column][/fusion_builder_row][/fusion_builder_container]