Breoppleving tilbyr turar og kurs for folk som er glade i friluftsliv. Gjennom våre kurs lærer du nye ting og åpnar opp for nye turmål. I tillegg møter du nye venner som du kan dra på tur med.

Sidan 1994 har Breoppleving arrangert kurs og turar. I dag er vi ein av landets største arrangørar av brekurs, klatrekurs og fjellføring. Vi er også godkjent på øvste nivået til Norsk Fjellsportforum, noko som gjev oss rett til å utdanne instruktørar.

Brekursa er framleis dei mest populære, men dei seinare åra har også klatrekursa og turane på langs av Jostedalsbreen samla mykje folk. Vi har også minibrekurs, spesialbrekurs (for skikøyring og for klatrarar), vidaregåande brekurs, instruktørkurs og fjellsportkurs. I tillegg til dette tilbyr vi føring ved Gjendebu og tek oppdrag for grupper og enkeltpersonar.

isbre120x800

Jostedalsbreen og i Jotunheimen er våre område. På Jostedalsbreen hadde vi i mange år base på Bødalsseter og i Briksdal, men på grunn av kraftig nedsmelting måtte vi slutte med føringa på Briksdalsbreen og flytte kursa våre frå Bødalsseter. Våre brekurs er no på Flatbrehytta sør på breen, ei hytte som ligg heilt i kanten av breen og med ei fantastisk utsikt. I Jotunheimen held vi til både på Smørstabbreen, i Hurrungane og på Gjendebu. Brekursa på Smørstabbreen har vi halde på med sidan 1995 og desse er framleis dei mest populære vi har. Klatrekursa held til i Lom og i Hurrungane, slik deltakarane får ei roleg innføring før dei skal opp i høgfjellet og drive skikkeleg fjellklatring. På Gjendebu har vi dagleg føring heile sommaren, men mange flotte turar på både bre og fjell.

Kundane våre er friluftsinteresserte frå 15 til 70 år, med ei hovudvekt i aldersgruppa mellom 20 og 50. Det er litt fleire kvinner enn menn på kursa. Vi legg vekt på å tilpasse turane til folk i normalt god form, ikkje for ekstremistar eller for folk som aldri er på tur.

Vi er heldige som får arbeide ute i naturen med folk som er glade i friluftsliv. Du er velkomen til  være med oss i Breoppleving, vi lovar å gjere vårt beste for at du skal ha det kjekt, lærerikt og møte nye venner.

[fusion_builder_container hundred_percent=»yes» overflow=»visible»][fusion_builder_row][fusion_builder_column type=»1_1″ background_position=»left top» background_color=»» border_size=»» border_color=»» border_style=»solid» spacing=»yes» background_image=»» background_repeat=»no-repeat» padding=»» margin_top=»0px» margin_bottom=»0px» class=»» id=»» animation_type=»» animation_speed=»0.3″ animation_direction=»left» hide_on_mobile=»no» center_content=»no» min_height=»none»]

[/fusion_builder_column][/fusion_builder_row][/fusion_builder_container]