Josten på langs i 1971

Tidleg i juni 1971 gjekk ei gruppe Josten på langs med eit tv-team frå NRK i følget. Dei overnatta under åpen himmel, sov like gjerne om dagen som om natta og hadde strålande sol heile vegen. Vår rute kjem opp Erdalen der dei overnattar første gongen, og følger deretter nøyaktig same rute som filmen viser. [...]

Josten på langs i 2012 (film)

I denne seks minutt lange videoen får de eit godt inntrykk av korleis turen langs på langs av Jostedalsbreen er. Filmen vart teken opp under ein tur med Breoppleving 17.-20.mai 2012 og viser store delar av ruta i brukbart, men litt skiftande ver. Filmen startar like etter oppstart frå Vetledalsseter, og siste bilete er frå [...]

Første dag – oppmøte

Første kvelden møter vi opp kl 18 ved Øygard i Fjærland. Det står ein buss klar og transporterer alle rundt breen til Greidung i Erdalen i Stryn. På denne måten står bilane klare når vi har fullført Jostedalsbreen på langs. Det er gode bussforbindelser til Oslo og mange andre stader. Det går fint å ta [...]

Andre dag – opp to brefall

Andre dagen startar med at vi går opp ei bratt li til Erdalsbreen. Deretter går det slakt oppover til omlag 1500 moh. Så går turen nedover Lodalsbrekka til foten av Småttene på omlag 1200 moh. Herifrå må vi ta på tau for brefallet Småttene er i så stor begevelse at det er sprekker og tårn [...]

Go to Top