Loading...

Første dag: Oppmøte

Første kvelden møter vi opp kl 18 ved Øygard i Fjærland. Det står ein buss klar og transporterer alle rundt breen til Greidung i Erdalen i Stryn. På denne måten står bilane klare når vi har fullført Jostedalsbreen på langs.

Det er gode bussforbindelser til Oslo og mange andre stader. Det går fint å ta buss rett til Erdalen før turen og frå Fjærland etter turen.

Når vi kjem til Greidung går vi innover Erdalen til Vetledalsseter. Denne turen tek 1-2 timar. For dei som lett får gnagsår er det lurt å ha med eit par lette sko slik at de slepp å gå i skisko innover stien.

Vetledalsseter er ei ubetjent DNT-hytte med mulighet for overnatting. Men det er ofte mange som går turen desse helgane på våre så normalt må vi bruke eigne telt også denne første natta.

Andre dag: Opp to brefall

Andre dagen startar med at vi går opp ei bratt li til Erdalsbreen. Deretter går det slakt oppover til omlag 1500 moh. Så går turen nedover Lodalsbrekka til foten av Småttene på omlag 1200 moh. Herifrå må vi ta på tau for brefallet Småttene er i så stor begevelse at det er sprekker og tårn synlege også om vinteren. Det er brattast nederst før det gradvis blir slakkare. Rett opp til høgre ligg Lodalskåpa (2083 moh) og til venstre ligg Brenibba (2018 moh). Når det flatar heilt ut tar vi inn i Ståleskardet, ein imponerande vindformasjon rundt ein fjellkam rett under Lodalskåpa. Her finn vi vanlegvis rennande vatn og slår leir for natta.

Viss veret er godt og snøforholda gode så får dei som vil være med ein breførar opp på toppen av Lodalskåpa, enten same kvelden eller tidleg neste morgon. Her oppe er det ei utsikt ein seint vil gløyme.

Tredje dag: Sørover breen

No er vi oppe på sjølve storbreen og heile dagen går vi sørover på flater og slake bakkar. Først passerer vi Kjenndalskruna, eit kjent utsiktspunkt innerst i Lodalen og like ved Kjenndalsbreen. Målingar har vist at breen i dette området er opp mot 600 meter tjukk. Deretter stig det oppover mot Høgste breakulen. Det er midt inne på breen, der den er breiast og størst.

Så går det nedover mot Ramnane, ei klippe som stikk opp av breen. No passerer vi kjende brear på begge sider. Til høgre litt Briksdalsbreen, Brenndalsbreen og Melkevollbreen. Til venstre ligg dei tre bratte breane Tor, Odin og Loke som alle ender ut i den lange og slake Austerdalsbreen. Sjølv om vi ikkje ser breane så godt så ser vi kjende landemerker som Kattanakken, Slingsbyvarden og Hanekammen.

På slutten av dagen slår vi leir ved Bings Gryte, ein kjend vindformasjon akkurat der breen er på sitt smalaste.

Fjerde dag: Ned til Fjærland

Siste dagen av Josten på langs startar vi tidleg for å gjere nytte av skareføret nedover Supphellebreen. Til venstre har vi Supphellenipa som er kjend for si gode utsikt. Eit stykke nede på breen tek vi til høgre og ned eit skar mot Flatbrehytta.

Flatbrehytta er egentlig to hytter her, ei gamal i stein og ei nyare i tre. Anders Øygard bygde begge og bar all materiale opp sjølv. Utsikta herifrå er formidabel. På desse hyttene held vi brekurs i juli og august kvart år. Det er ei litt tung oppstigning første kvelden, men når ein først er oppe så bur vi så nær breen at vi kan gå inn igjen i hytta og ta lunsj om det er kaldt og surt.

Etter Flatbrehytta er det bratt nedover til Fjærland. Her må kvar ta det i sitt tempo, og mange vel å ta av seg skia i dei brattaste partia. Normalt er vi nede ved bilane tidleg på ettermiddagen.